Nytt forskingsrådsprosjekt til HiSF

Forskingsrådet har løyvd midlar til åtte nye strategiske høgskuleprosjekt. Eitt av desse er HiSF-prosjektet om fysisk aktivitet og skuleprestasjonar.

Det kom inn i alt 61 søknader til utlysinga i Forskingsrådets strategiske høgskuleprogram sist vår. Etter ei omfattande søknadsbehandling er no resultatet klart. 8 av dei 61 prosjektsøknaden har fått innvilga støtte for ein treårsperiode. Eitt av desse er HiSF-prosjektet “The ASK Study – A randomized controlled trial investigating the effect of daily physical activity on childrens school performance”

Samarbeidsprosjekt

HiSF-prosjektet har sitt utspring i det idrettsfaglege miljøet vårt, og skal studere effekten av dagleg fysisk aktivitet på skuleprestasjonar hos elevar. Prosjektet er utvikla i samarbeid mellom idretts- og helseforskarar ved HiSF, med god bistand frå mellom anna samarbeidande forskarar ved Norges idrettshøgskole. Førsteamanuensis Geir Kåre Resaland og professor II Sigmund Anderssen er prosjektleiarar. Det er førebels ikkje heilt avklart kor stor løyvinga til prosjektet vert.

Stimulans for godt forskingsmiljø

Det er lenge sidan HiSF fekk tildelt eit strategisk høgskuleprosjekt. Vi er svært glade for den nye tildelinga, som utgjer ein god stimulans for og ei anerkjenning av eit lovande og ambisiøst forskingsmiljø ved høgskulen. Vi gratulerer så mykje.

Utfyllande informasjon på heimesida til Forskingsrådet.

Leave A Comment

You must be logged in to post a comment.