Er aktive barn smartare?

1200 femteklassingar i fylket skal vere med på eit to års forskingsprosjekt  for å finne ut om born blir smartare av ein time fysisk aktivitet dagleg.

...

– Kan vi bevise at fysisk aktivitet betrar borna sine faglege prestasjonar, vil det kunne endre skular over heile verda, seier forskar Geir Kåre Resaland. No skal han bruke 30 millionar kroner på å finne svaret.

Dette blir eit av verdas største forskingsprosjekt i sitt slag, seier forskar Geir Kåre Resaland ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

– Eit emne som stadig vekk går att i internasjonal forskingslitteratur, er at  det ser ut til at elevar som er i jamleg fysisk aktivitet ikkje berre trivst  betre, men òg presterer betre fagleg enn andre. Men vendingane som går att,  er at «det ser ut som» og «ting tyder på at» og så vidare. Det er ingen som  har slege fast om det faktisk er slik, og det ville vi gjerne finne ut, seier Resaland.

Les meir:

http://www.firda.no/nyhende/article7238991.ece

Leave A Comment

You must be logged in to post a comment.