Skulekvardagen I – Intervensjonsskular

Det faglege innhaldet i ASK (den daglege timen med fysisk aktivitet) blir utvikla i samarbeid mellom lærarar i Sogn og Fjordane og HiSF, og inkluderer i løpet av ei skuleveke:

  • 2 dagar x 45 minuttar med kroppsøving (dette gjeld også kontrollgruppa)
  • 1 dag x 45 minuttar med fysisk aktivitet (mest mogleg fysisk aktivitet)
  • 3 dagar x 30 minuttar med «Aktiv læring» (elevane er fysisk aktive utandørs og øver på fag (t.d. mattebingo)
  • 5 dagar x 5 minuttar med fysisk aktivitet i fag (elevane er aktive fem minuttar i klasserommet kvar dag)
  • 5 dagar x 10 minuttar med fysisk aktivitet i «aktiv heimelekse» (elevane er aktive ti minutt kvar dag heime)

Forskarar frå HiSF vil leie og gjennomføre testinga i ASK. Under alle testane bli det lagt vekt på barnet sitt beste, og personane som er ansvarleg for testinga, er særs medvitne om at barn er ei sårbar gruppe. Alle moglege førehandsreglar blir tekne for å unngå situasjonar som kan opplevast som ukomfortable for borna.

 

 

 

Leave A Comment

You must be logged in to post a comment.