Skulekvardagen II – Kontrollskular

Skulane i kontrollgruppa 2014/15 skal gjennomføre skuleåret som normalt, inkludert 2 x 45 minutt kroppsøving. Testinga medfører at vi er avhengig av at rektor gjer nokre endringar i timeplanen i august 2014 på 5. klassetrinn. Dette vil først og fremst vere at dei forpliktar seg til å nytte alle dei 76 lovpålagte timane med fysisk aktivitet for elevar på 5.-7. årstrinn (jamfør Udir-11-209 rett til fysisk aktivitet), på 6. og 7. trinn (i skuleåra 2015/16 og 2016/17). Det vil vere mogleg å gjere lokale tilpassingar.

Kva med skulane som ikkje får tilbod om å vere med i ASK?

Av forskingsmessige omsyn krevjast det einingar av ein viss storleik for å kunne gjere analyser og tolke resultat. Når ASK-prosjektet er ferdig vil alle skular i Sogn og Fjordane, inkludert dei som ikkje er med i prosjektet, få same tilbod om etterutdanning etc.

 

Leave A Comment

You must be logged in to post a comment.